§ 1. Ferdsel.
All ferdsel på hamneområdet skal foregå på ein omynsfull måte slik at ein unngår å skade noko eller nokon.

§ 2. Hensetting.
Det er ikkje lovleg å sette frå seg private gjenstander på hamneområdet utan etter avtale med styret eller den i styret som styret har gitt fullmakt til slik avtale.

§ 3. Sikring av brygger.
Når ein båtplass vert ute av bruk over lengre tid, skal det strekkast et tau eller liknande mellom endane på utliggarane for å stablisere brygga mest mogleg.
Dette er spesielt viktig haust- og vintermånadane.

§ 4. Avfall.
Det er ikkje lovleg å tørne avfall av noko slag i hamnebassenget.
Alt avfall – herunder spesialavfall – skal straks takast med frå området av den enkelte. Plast- og papiravfall kan plasserast i stativ merka for slikt avfall i den grad det finst.

§ 5. Opptrekk.
Det er innført leigesatser for bruk av laget sine opptrekksinnretningar. Sjå oppslag på området.

§ 6. Endringar i båtplassbreidda kan berre gjerast i samråd med styret eller den av styret som styret har gitt myndigheit til slike endringar.

§ 7. lkrafttreding.
Dette hamnereglementet trer i kraft frå det tidspunkt vedtak om dette er fatta. Frå same tidspunkt vert hamnereglement frå 1973 oppheva

Ulstein den 23.03 2009.

For årsmøtet i Ryssholmen båteigaralag 2009 Arnulf Ulstein